Avskjeds-konsert Johnny Red & The Prayerhouse People

Publisert

Få med deg siste konserten til Johnny Red & The Prayerhouse People!

Book dine billetter her: https://storhallkarmoy.ticketco.events/no/nb/e/johnnyred?jid=51fac3a1143b7341e91d9be3

6. november 2020 gav Johnny Red and The Prayehouse People ut tredjeskiva si, «To Moritz», ein dedikasjon til entreprenøren og kosmopolitten frå Haugesund som vart ein av dei fyrste jødane tyskarane deporterte under andre verdskrig. Moritz Rabinowitz vart sparka ihel utanfor ei av brakkene i Sachsenhausen i 1942.

Mange av songane på albumet går djupt ned i den menneskelege vondskapen, men håpet og det gode vert òg lyfta fram. Historia lyt gjenta seg, slik mang ein klok observatør har merka seg opp gjennom tida. Den einskilde gjer lurt i å kjenna henne og arbeida for å unngå å trakka opp i hennar mørke fotspor.

Musikals spenner det vidt denne gongen, frå rock til folk, frå trøkk til det sarte. Dei som har høyrt Johnny Red and The Prayerhouse People før, vil både kjenna seg att og finna nye element i «To Moritz».

Dei to føregåande albuma har motteke strålande kritikkar, blant anna frå Stavanger Aftenblad sin anmeldar, som to gonger har trilla femmaren på terningen.

Vårt Lands anmeldar skreiv om fyrste albumet: «Albumet … er snublende nær å fortjene betegnelsen en milepæl i norsk rock.»

 

Siste nytt